Den nye Ulsteinhallen er det idrettsanlegget på Sunnmøre som får mest spelemidlar i 2014. Det skriv Sunnmørsposten.

Ulsteinhallen er innstilte med 4.5 millionar i støtte.

I Møre og Romsdal er Moldebadet det anlegget som får mest spelemidlar; 6.8 millionar kroner. Det er også desse to idrettsanlegga som er dei mest kostbare.

Kultur- og folkehelseutvalet i fylket møtest i dag for å fordele over 60 millionar kroner til idretts- og friluftsanlegg.

Av desse går 51.4 millionar til ordinære anlegg og 8.8 til nærmiljøanlegg.