Både Haddal og Hareid2/Hjørungavåg vann sine kampar i den sjette 6.-divisjonsrunden måndag.

* Haddal vann 4-3 heime mot Kvamsøy/ÅVK II. Målscorarar var Daniel Hatløy (2), Olav Hofseth og Cato Veien. Haddal er dermed oppe i ni poeng. Dei har berre tapt éin kamp, men spelt tre uavgjorte.

* Hareid2/Hjørungavåg vann 7-2 mot Åheim på Jomsvoll. Målscorarar var Christer Adrian Mork (2), Per Ståle Nykrem (2), Honar Alipoor, Ørjan Engen Grimstad og Ivar André Aadland. HIL2/HIL er oppe i ti poeng på seks kampar.

Referat frå kampane kjem i torsdagsnummeret.