Fredag ettermiddag starta Tyrvinglekene for fullt på Nadderud stadion. Fredagens stemne vart prega av sterk vind. Her blåste det nordavind sterkare enn kva vi har hatt på Høddvoll. Dette prega myke av resultata. Det er ingen for del med 4-5 sekundmeter motvind verken på 200-meter, lengde eller spyd. Men trass i dette fekk vi nokre positive resultat fredag. Det starta med langhekk der Hallbjørn Hasund Thorseth var under NM-kravet med tida 56.81 sekund. Marthe Mjøen Berg sesongdebuterte også på 400-meter hekk og fekk tida 64.21.

Sist ut på langhekk var 15 år gamle Synne Stokkevåg Berg på 300meter hekk. I hennar først løp på distansen tok ho UM-kravet med god margin då ho løp inn på tida 51.04 sekund.

Vår andre 15-åring i aksjon i dag var Stine Marø Sundgot i lengde. Ho enda på ein sterk 6.-plass av totalt 26 deltarar. Synne blei nummer 10. Både Stine og Synne hadde kraftig motvind under konkurransen, noko som prega resultata. Stine fekk 4.61 meter, medan Synne hoppa 4.48 meter.

Spyd hadde også kraftig motvind. Trass i dette sette Sander Ringstad Kanestrøm ny pers med 46.15 meter. Karsten Warholm kasta også spyd. Han takla ikkje motvinden og enda lang bak sin pers med eit lengste kast på 38.68 meter.

På 200-meter var det lengre mellom dei personlege rekordane. Ei av dei som sette pers var Johanne Rise Kvalen som løp inn på tida 29.78 sekund i 2.6 sekundmeter motvind. Johanne hoppa også lengde. Her enda ho opp med 4.42 meter. Ho måtte ha hoppa opp mot persen på 4.67 meter for å gå til finalen.

Andre som løp 200-meter i kraftig motvind var:

Renate Grimstad (kvinner senior) 26.41 sekund. 4.-plass

Kristian Dragsund Mork - G18/19. 24,48 sekund.

Nicolas Roppen Masters - G17. 2416 sekund.

Tobias Skavnes Våge - G17. 24.95 sekund.

Ådne Andersen (Hareid IL) – menn senior 23.91 sekund.

Andre resultat:

Anders Åsemyr - G15. Lengde. 4.00 meter.

Madelen Gustavsen - J14. 600-meter.  1.52.64

Fride Møller Flatin -J17. 3000-meter.  13.15.23

Troppen frå Dimna IL og Hareid IL håper på betre forhold laurdag. Vêrmeldingane lovar mindre vind og vind frå sør som då skal gi betre forhold.