Fredrik Klock har spelt i Hødd dei siste sju sesongane, og vore lagkaptein sidan 2008. Eit verv han tok over etter André Nevstad.

Nevstad har i fleire år vore Blåsarane sin einaste æresmedlem. Men under Hødd-hyllesten i sentrum laurdag føremiddag vart Klock tildelt æresmedlemskap nummer to.

- Det var utruleg kjekt. Dette vil eg setje pris på i mange år framover. Berre å bli nemnt i same ordelag som André Nevstad er stort. Å få lov å setje Hødd-punktum med cupfinalegull og æresmedlemskap i Blåsarane er noko eg set svært stort pris på, sa Fredrik Klock til Vikebladet Vestposten etter den offisielle Hødd-hyllesten.

Kjem tilbake som tilskodar

Klock lovar å vere til stades på Høddvoll under første seriekamp i 2013 - som tilskodar. Han skal heilt sikkert også få med seg Hødd opptre i Europa-ligaen til sommaren, og truleg også ein del andre kampar.

- Sett vekk frå cupgullet. Kva har vore høgdepunkta dine i Hødd, Fredrik?

- Det må vel vere dei to opprykka til 1.-divisjon. Eg har også opplevd to nedrykk med Hødd, noko som ikkje er like kjekt. Men sånn er livet. Eg er i alle fall glad for å avslutte Hødd-karrieren på denne måten, smilte den avtroppande midstopparen og kapteinen.

- Ein god leiartype

Æresmedlem nummer 1 i Blåsarane, André Nevstad, synest det er artig at Blåsarane gjorde slik stas på Fredrik Klock. Nevstad synest også medlemskapet er fortent.

- Kjem du til å sakne Fredrik, André?

- Klart eg kjem til å sakne Fredrik. Eg har jo både spelt saman med han og hatt mykje med han å gjere som leiar etter det. Fredrik har både vore ein viktig spelar for oss og ein god leiartype. Han har stått fram i medgang og motgang - og vore ein viktig mann for resten av spelargruppa. Det er synd at han gir seg, men vi har respekt for avgjersla hans, som han har tenkt grundig gjennom, kommenterte André Nevstad.

Som la til at Blåsarane rundar 10 år, noko Hødd kjem til å markere om ikkje altfor lenge.

Guttorm Vartdal (leiar i Blåsarane), saman med æresmedlemmene André Nevstad og Fredrik Klock.
Fredrik Klock måtte skrive autografar og stille opp på mange bilete etter Hødd-hyllesten i Ulsteinvik sentrum laurdag føremiddag.