Tysdag vart det klart at Sivert Heltne Nilsen blir Vålerenga-spelar frå og med 1. januar 2014. Han etterlet seg då eit tomrom på midtbana til Hødd som blir svært vanskeleg å fylle. Fredrik Aursnes kan ifølgje både seg sjølv og trenaren vere ein kandidat til å fylle rolla som defensivt midtbaneanker.
– Eg synest det gjekk veldig bra å spele i den rolla borte mot Aktobe. Det var også ei artig rolle, men samstundes likar eg svært godt å vere med offensivt, noko som det vert mykje mindre av i den rolla, kommenterer Aursnes til Vikebladet Vestposten.
Trenar Lars Arne Nilsen er samd i at Aursnes er eit alternativ til å erstatte sonen.
– Fredrik er så god at han kan spele i dei fleste roller og han er heilt klart eit godt alternativ til å spele der. Samstundes har han svært gode offensive kvalitetar, som vi gjerne vil halde fram med å utnytte. Det er ei vanskeleg vurdering.
Må forsterke midtbana
Ein ting er sikkert, Nilsen treng fleire midtbanespelarar når Sivert reiser til Oslo.
– Vi bør ha inn minst ein midtbanespelar til. Gjerne frå eigne rekkjer. Vi har nokre spelarar i rekruttgruppa som bankar hardt på døra til A-laget.
Som far og trenar er det spesielt å vere vitne til at Sivert har fått tippeligakontrakt.
– Det er ein todelt situasjon. Som far synest eg det er kjekt. Eg er veldig glad på hans vegne. Som trenar er eg derimot litt skeptisk. Vi mistar ein god og viktig spelar, som blir svært vanskeleg å erstatte. Samstundes er eg stolt over at klubben produserer spelarar som er attraktive for tippeligaklubbar, fortel Nilsen.
Mental påkjenning
Med både spelarsal, europacupkamp i Kasakhstan og landslagsuttak som stel fokus, kan det etter kvart bli ei utfordring å halde konsentrasjonen på neste kamp.
– Vi har hatt tett kampprogram dei siste vekene, og mot Vard var vi veldig tunge. Men denne veka har vi trappa litt ned og fokusert på restitusjon, så den biten er eg ikkje bekymra for med tanke på Fredrikstad-kampen. Det blir derimot spennande å sjå korleis spelarane taklar det mentale presset etter å ha spelt europacup, i tillegg til alt det andre som har skjedd rundt klubben.
“Sekspoengskamp”
I første serierunde gjekk Hødd på eit knapt 3-2-tap i Fredrikstad. I forkant av heimekampen er Lars Arne Nilsen klar på at det blir ein såkalla sekspoengskamp.
– Det blir heilt ope. Det var jamt på bortebane, og det blir tøft heime. Skal vi vere med å kjempe om kvalik eller 2.-plassen blir denne kampen avgjerande, seier Nilsen.
Hødd ligg per 16. serierunde på 5. plass, men det er jamt både over og under. Laga som hamnar på 3–6. plass spelar kvalifisering, medan 1. og 2.-plassen rykkjer direkte opp.
– Det er nok det laget som har skuffa mest i forhold til renommeet og forventningane, avsluttar Lars Arne Nilsen.