To spelarar frå Hareid og heile åtte frå Hødd fødde i 1999 er tekne ut til krinslagssamling på Rollon-bana i morgon, andre pinsedag. Samlinga blir leia av Geir Hansen, Hallgeir Austnes og Karl Alsaker. Det melder IL Hødd Fotball si nettside.Simon Grimstad og Håvard Øvrelid er Hareid sine representantar, medan Zakarie Ushey, Ståle Pettersen, Johannes Sundgot, Peter Hasund, Sander Djupvik, Bam Hide, Emanuel Hagos og Sondre Lunde er Hødd sine utvalde.Hødd har ein god 99-årgang som i fjor vart krinsmeistrar utandørs (11-ar) i 13-årsklassen. Også Hareid har markert seg i denne årklassen. Dei tok i vinter KM-sølv innandørs (futsal).

Heile troppen