Abderrahman Samba ville ha vore den klare favoritten dersom han stilte på Letzigrund stadion i Zürich torsdag kveld. Mannen som har vore så rask som 46,98 på 400 meter hekk denne sesongen har også vunne alle konkurransane han har stilt opp på i Diamond League, men under sjølve finalen er Samba oppteken med asiameisterskap og han stiller ikkje i Zürich.

Tre favorittar

Bak Samba er det opnare, men dei tre utøvarane som har vore under 48,00 i år er naturlege favorittar. Yasmani Copello med 47,81, Karsten Warholm med 47,64 og Kyron McMaster med 47,54.

I utgangspunktet skal kampen stå mellom Karsten Warholm og Kyron McMaster. McMaster vann Diamond League-finalen for eitt år sidan, men har ikkje fullført meir enn to løp i Diamond League denne sesongen. Det er likevel ikkje meir enn ein månad sidan McMaster sprang 47,60 under dei Sentralamerikanske og karibiske leikane.

Ein skal heller ikkje gløyme Copello. Han som ikkje hadde vore betre enn 48,31 i år før han knalla til med 47,81 i EM-finalen og gav Warholm kamp til døra om EM-gullet.

Det kan bety at Karsten Warholm må forbetre sin norske rekord dersom han skal bli «IAAF Diamond League Champion».

Store pengar i potten

Tittelen og diamanttroféet er ikkje alt det står om på Letzigrund. Ifølgje Norsk Friidrett sine nettsider blir det også konkurrert om viktige rankingpoeng og eit «wild card» til VM i Qatar. I tillegg kan det bli temmeleg lønsamt for Warholm dersom han gjer det bra torsdag kveld.

Vinnaren av Diamond League-finalen sikrar seg nemleg 50.000 dollar, eller om lag 420.000 norske kroner. For ein andreplass er prispengane på 20.000 dollar.

Warholm har vore gjennom eit tøft program den siste tida, med NM berre ei kort veke etter EM i Berlin. Sist veke sprang han også under Trond Mohn Games i Bergen, der det blei norsk bestenotering på den utradisjonelle distansen 300 meter.