Deretter kjem Ullern til Høddvoll 18. april - medan Kristiansund på bortebane er den siste april-kampen - den 25/4. Mange klubbar higar etter å få spennande heimekampar 16. mai. Akkurat der har ikkje Hødd vore heldige. Dei må nemleg reise til Molde for å møte Molde sitt andrelag denne dagen. Hødd har heller ikkje vore spesielt heldige med tidspunkta for kampane sine mot andrelaga til Molde og Rosenborg. Sist Hødd var i 2.-divisjon leverte andrelaga spesielt svake resultat i siste del av vårsesongen - m. a. o. i juni - noko som kan forklarast med at dei aktuelle spelarane har mange representasjonsoppgåver i ein periode med tett kamp-program. OPNINGSRUNDA: Levanger - Hødd Drøbak/Frogn - Strindheim Steinkjer - Follo Kristiansund - Lørenskog Nardo - Rosenborg 2 Ullern - Skarbøvik Molde 2 - Byåsen HØDD SINE KAMPAR VIDARE: 18. april: Hødd-Ullern. 25. april: Kristiansund-Hødd. 2. mai: Hødd-Nardo. 16. mai: Molde2-Hødd. 23. mai: Hødd-Rosenborg2. 30. mai: Follo-Hødd. 6. juni: Hødd-Strindheim. 13. juni: Lørenskog-Hødd. 20. juni: Byåsen-Hødd. 27. juni: Hødd-Steinkjer. 18. juli: Drøbak/Frogn-Hødd 25. juli: Hødd-Skarbøvik. 1. august: Ullern-Hødd. 8. august: Hødd-Kristiansund. 15. august: Strindheim-Hødd. 22. august: Hødd-Drøbak/Frogn. 29. august: Skarbøvik-Hødd. 5. sept.: Hødd-Molde2. 12. sept.: Rosenborg2-Hødd. 19. sept.: Hødd-Follo. 26. sept.: Steinkjer-Hødd. 3. okt.: Hødd-Lørenskog. 10. okt.: Hødd-Byåsen. 17. okt.: Nardo-Hødd. 24. okt.: Hødd-Levanger. Som ein vil sjå av oppsetet er ikkje motstandar-rekkefølgja den same i vårsesongen og haustsesongen. Levanger, som Hødd møter borte i 1. serierunde, er motstandar igjen først i siste serierunde den 24. oktober. Utetter vinteren blir det spennande å sjå korleis dei ulike laga prøver å styrke stallane sine. Å vinne ei 2.-divisjonsavdeling er slett ingen “lett match”.
Sport →
Hødd skal til Levanger i serieopninga
Fotballforbundet har sett opp speleplanen for Hødd si 2.-divisjonsavdeling. Hødd opnar med bortekamp mot Levanger 13. april.