Stavseng og Vaagsholm skora for Hødd i Byåsen-kampen. Alle måla kom i 1. omgang. Totalt sett var det lite å seie på at Byåsen vann, sjølv om Hødd trykte på mot slutten. Hødd kan dermed miste 1.-plassen på tabellen dersom Asker vinn sin kamp i denne runda. I to andre kampar laurdag vart resultatet slik: Strindheim-Bærum 4-2, Levanger-KBK 2-2. * Hødd damelag reiser tl Tynset i morgon for å møte heimelaget der. Etter 1-3-tapet for topplaget Orkla ligg Hødd 7 poeng bak på tabellen. Mykje tyder på at kampen om å vinne avdelinga er avgjort til Orkla sin fordel.