For ei tid sidan var det flotte skiforhold på Gamleeidet. Der var oppkøyrde løyper og alt låg til rette for å kunne nyte turskia. Ein skiløpar som var ute og testa løypa, møtte då med eitt på to damer som spaserte midt i det oppkøyrde sporte - endå der var plass til å gå ved sida av. Dermed var sporet øydelagt. - Dette opplever du berre her ute i øyriket. Lenger inne i landet - der det er kultur for skiløping, ville det vere utenkeleg at fotgjengarar spaserer i oppkøyrde skispor, seier ein ulsteining i samtale med avisa. No meiner han vi må kome denne ukulturen til livs. Skulle det bli fleire periodar med skiforhold på Hareidlandet, bør turgåarane ta omsyn til dei som vil gå på ski i skikkelege spor. - Gå ved sida av skisporet. Ulsteiningen er også ute etter dei mange bilistane som tvingar firhjulstrekkarane sine opp gjennom Fjellsbrekkene i djupsnøen - og gjer det umogleg å stå på ski ned vegen etter ein fjelltur. - Tenk dykk om, ta omsyn!