I haustferien deltok løparar frå Volda Alpin og Ørsta Alpin på skisamling på Galdhøpiggen skisenter. Emma Ulstein og Anny Molvær frå Ulsteinvik deltok, og køyrer for Ørsta Alpin. Juvass har opna seint denne hausten fordi breen har minka mykje etter ein rekord varm sommar.

Dei dagane vi var der hadde det kome nysnø, og dermed fekk løparane svært gode forhold på breen. Det var lagt opp til intensive treningsøkter med maks fokus på basisøvingar, teknikkøvingar og grunnteknikk. I alpin har ein stort fokus på grunnteknikk fordi dette skal stabilisere løparen i midtposisjon sjølv i høg hastigheit og tempo.

Grunnrørslene er ikkje alltid så lette å sjå hjå dei aller beste som til dømes hjå vår nye alpinkomet Henrik Kristoffersen. Men dette er også hjå han «innebygd», og skapar ei forutsetning for å takle dei utfordringane (til dømes slag og is) som kjem undervegs i eit løp eller ned ei bratt fjellside. I grunnteknikken har ein også spesielt fokus på å kome tidleg i kontakt inn i sving, samtidig med å møte trykket i svingen.

I veke 42 deltok ei gruppe løparar frå Ørsta Alpin nokre dagar på skisamling i Litauen. Anny Molvær frå Ulsteinvik deltok her. Samlinga var lagt til Druskininkai Snow Arena – ein innandørs skihall som er 460 meter lang. Med direktefly frå Vigra til Vilnius er ei slik treningssamling ikkje så komplisert å gjennomføre. Det er også ei oppleving for løparane å stå på ski i ein innandørs hall, medan dei resten av året er ute i alt slags ver. Ved å legge ei skisamling hit er ein garantert gode, og stabile treningsforhold. Gruppa fekk køyrt mykje på ski kvar dag, og dei hadde bra trykk i jobbinga alle dagane. Løparane hadde også barmarkstrening og leksearbeid. Ein dag fekk ein også tid til å besøke eit stort badeland som ligg i Vilnius. Ørsta Alpin ynskjer å takke vore sponsorar som også gjorde det mogleg å gjennomføre ei slik god og annleis skisamling.