Etter tre sesongar i Hødd er det slutt for den fysiske trenaren Manu Torres. No vender spanjolen nasen mot Bergen og Brann, der han blir ein del av trenarteamet til Lars Arne Nilsen.

Ifølgje Brann.no har Torres signert ei kontrakt med Brann som gjeld ut 2017-sesongen.

- Spelarane kjem til å elske han når dei forstår kor viktig han er for den fysiske forma deira. Men dei kjem også til å hate han, for han stiller svært store krav, seier Lars Arne Nilsen om Manu Torres til Brann.no.

Torres bekreftar også på sin Twitterprofil at han er ferdig i Hødd:

Thanks @HoddFotball for thesefantastic 3 years. Thanks to the coaching staff, players, Blåsaraneand all the people who supports the club.