Denne veka går EM i friidrett i Amsterdam av stabelen, og allereie onsdag er det klart for forsøksheat på 400 meter hekk. Men det går utan Dimna-utøvaren Karsten Warholm, som har levert så gode tider at han er førehandskvalifisert til semifinale på distansen.

Med sin nye norske rekord på 49,45 har Warholm den niande beste tida i Europa på 400 meter hekk så langt i år, men det var hans tidlegare rekord på 49,62 som har gitt Warholm plass i semifinale. 13 utøvarar går rett til semifinale på 400 meter hekk.

I tillegg til Warholm er også Jaysuma Saidy Ndure førehandskvalifisert til semifinale på 200 meter.

Det er øvingane 100 meter, 200 meter, 400 meter, 100/110 meter hekk og 400 meter hekk som har både forsøksheat, semifinale og finale.

Semfinalane på 400 meter hekk går torsdag ettermiddag. Ei eventuell finale går fredag kveld.