Ei rekkje maskotar frå lokale klubbar er med når Hødd handball og handballforbundet arrangerer firenasjonarsturnering i Ulsteinhallen neste veke. Spelarar frå ulike aldersbestemte lag frå både handballgruppa til Hareid IL og Hødd handball er mellom dei som gjer ein innsats. Til saman er fleire enn 120 lokale frivillige frå ulike klubbar i sving i samband med turneringa.

– Vi er heilt avhengig av den frivillige innsatsen, og vi har god hjelp frå heile handballfamilien i Møre og Romsdal til ulike oppgåver. No gler vi oss til å kome i gang og håpar på fulle tribuner, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball i ei pressemelding.

Dei norske Handballjentene er allereie komne til Ulsteinvik, og skal nytte tida før turneringa til å trene i hallen - og oppleve litt sunnmørsk natur. I Ulsteinhallen er det rigga tribuneplass for om lag 2100 publikummarar som får sjå Norge møte toppnasjonar som Romania, Frankrike og Spania i oppkøyring til Rio-OL.

Fredag 22. juli kl. 17 blir det ein uhøgtideleg turnering i beach-handball i Saunesparken i Ulsteinvik. Lag i dei fleste aldrar er påmelde. I beach-handball er det rom for å «showe», og piruettar og luftspel gir ekstra poeng. Det blir også brasilianske rytmar og dans i parken som ligg ved sidan av spelarhotellet. Elles reknar klubben med at det blir litt ekstra liv og røre rundt om i sentrum desse dagane.

Du har framleis mogelegheit til å sikre deg ein plass på tribunen og sjå Handballjentene spele. Det spelast to kampar dagleg under Ulstein Cup (kampfri fredag 22. juli) og billettane gjeld for begge kampane. Det er nokre billettar igjen til torsdag og søndag - men laurdag er no utselt.

Kampprogram:

Torsdag 21. juli: Kl. 17.15 Frankrike-Spania Kl. 19.30 Norge-Romania

Laurdag 23. juli: Kl. 17.15 Romania-Frankrike Kl. 19.30 Norge-Spania

Søndag 24. juli: Kl. 15.45 Spania -Romania Kl. 18. 00 Norge-Frankrike