Torsdag neste veke byrjar 4-nasjonersturneringa i Ulsteinhallen, og sjølv med små forseinkingar er Jarl Martin Møller klar på at alt er i rute og skal verte klart i god tid før landslaget kjem. Rigginga av hallen, med tribunar og legging av dekke skal vere ferdig til landslaget skal trene i hallen torsdag kveld. Det skal vere plass til kring 2100 tilskodarar på tribunane.

Handballjentene har valt å legge treningssamlinga si til Ulsteinvik, der dei skal trene ei heil veke før 4-nasjonersturneringa byrjar. I turneringa er det fire av dei beste laga i Europa som skal i aksjon: Romania, Frankrike, Spania og ikkje minst Norge.

Ein «kjempehappening»

-Dette er ein kjempehappening ikkje berre for Ulsteinvik, men for heile Sunnmøre. Det er ikkje ofte ein får arrangere ei slik turnering med fire lag av det kaliberet som kjem hit. Det er kanskje dei fire beste laga i heile Europa, seier Møller onsdag ettermiddag.

Ein stor komite med Møller i spissen har arbeidd i over eit år for å få arrangementet på plass.

– Vi har arbeidd ei god stund, men fekk det endelege klarsignalet i Januar. Sidan det har det gått slag i slag.

– Har det vore eit utfordrande arbeid?

– Arbeidet har vore mest kjekt. Det å få eit slik kjempearrangement hit til Ulsteinvik er heilt fantastisk, særleg når vi har fått så utruleg gode lag til turneringa, legg han til.

Fleire billettar til sals

Det er framleis nærare 500 billettar til sals for Torsdag og Søndag neste veke. Kampane som går Laurdag er allereie utselde. Ein billett gjeld for ein kampdag, som betyr at ein får med seg to kampar for beskjedne 330 kroner. Møller meiner dette er noko alle bør få med seg, og at ein sjeldan får eit tilbod om å sjå så mange verdsstjerner i aksjon for ein så billig penge.

– Det er jo omtrent det ein betaler for ein pizza og ei brus, skyt Møller inn.

Mange frivillige i sving

Det er omtrent 150 frivillige som hjelper til med arrangementet, der dei fleste er frå Hødd handball, men fleire sentrale frivillige frå Ålesund og Stranda er også med for at arrangementet skal bli ein suksess.

Dei tek gjerne imot fleire frivillige til å vere billettkontrollørar og treng også folk til å stå i kiosk under kampane.

– Om nokon vil hjelpe til er det berre å kontakte meg, avsluttar Jarl Martin Møller.