Karsten Warholm stilte i bane 5 i det første semifinaleheatet på 400 m hekk. Han satsa på ein hard utgang og hadde ei klar leiing ut på oppløpssida. Der begynte to-tre løparar å nærme seg. Warholm kontra ut to av dei, medan OL-meister Kerron Clement frå USA passerte like før målstreken. Clement fekk tida 48,35 mot Warholms 48,43. Tredjemann Juander Santos fekk 48,59.

Dimna-regent Arve Hatløy sa etterpå at Warholm leverte eit perfekt løp. Warholm sjølv sa at han gjekk knallhard ut frå start og at det vart tungt på slutten, men at han toler køyret betre enn dei andre gutane.

Finalen går klokka 22.33 onsdag. Då vil det også bli ei lokal samling på Sjøborg i Ulsteinvik.

Vinnartida i heat nr. 2 var 49,12 medan vinnaren av 3. heat fekk 48,77. Warholm si tid var den nest beste av alle.

Starta søndag

Warholm sin veg til finalen starta då han i går søndag vart nr. 2 i det fjerde av fem innleiande heat. I kvart heat gjekk fire løparar vidare til semifinalen. Karsten fekk tida 49,50 – utan å ta seg ut på oppløpet. Heat-vinnar Juander Santos frå Den dominikanske republikk fekk 49,19.

I dei andre fire heata enda også vinnartida på 49-talet; 49,13 – 49,34 – 49,35 og 49,46.

Men i semifinalane var nålauget atskilleg trongare: Berre 8 av dei 24 løparane i dei tre semifinaleheata kom vidare til finalen: Nr. 1 og 2 i kvart heat pluss dei to beste tidene deretter.

Karsten Warholm sette tidlegare i år ny norsk rekord på 400 meter hekk med 48,25. Under U23-EM i Polen i sommar tok han eit klart gull med tida 48,37. Han deltok også på 400 meter og sprang altså denne distansen tilsaman seks gonger, tre av dei over hekkar.