Det er ikkje akkurat flust med alpinanlegg å velje mellom på Hareidlandet, men Ulsteinjenta Anny Våge Molvær viser at det går an å bli god på ski sjølv om ein bur på ytre søre Sunnmøre.

Mangel på både snø og stadar å stå på ski gjer at ungjenta trenar saman med og representerer Ørsta Alpin, der far Geir-Ove Molvær er med som oppmann og ein av trenarane for mellomgruppa (utøvarar fødde i 2004-2006).

I helga var Anny, saman med ei rekkje utøvarar frå Ørsta, Volda og Åmdal Alpin, på tur til Vestlandsmeisterskap i Myrkdalen.

– Der er det eit veldig bra opplegg og ein bur midt i bakken. Det er ein fantastisk plass, fortel Geir-Ove Molvær. Han rosar også arrangøren Fana Alpin som gjer ein svært bra jobb med Vestlandsmeisterskap.

– Heile arrangementet var svært godt gjennomført og med god deltaking.

Molvær fortel at der var om lag 25 deltakarar frå Møre og Romsdal Skikrets som var med til Myrkdalen, der dei hovudsakleg konkurrerte mot utøvarar frå dei andre vestlandsfylka.

Den unge Ulsteinjenta, som blir 12 i august, har levert gode resultat både denne vinteren og tidlegare, og i dei snørike løypene i Myrkdalen gjekk det igjen raskt for Våge Molvær.

Flott køyring i Myrkdalen

I løpet av helga deltok ho i tre konkurransar og tok med seg heim tre medaljar, to gull og eitt sølv.

Ho tok gull både i superkombinasjonen og i slalåm, medan sølvmedaljen kom i storslalåm.

– Det var veldig bra, imponerande bra køyring, fortel Molvær.

I superkombinsjonen kom ei anna Sunnmørsjente, Mathea Stranden frå Volda på andreplassen bak Anny Våge Molvær, og trenaren fortel at dei to og Mabel Borgen Varpen, som også køyrer for Ørsta Alpin ofte knivast om å trekkje lengste strået.

– Det kjem ofte ned til kven som har beste dagen, og denne gongen var det Anny, fortel han.

No går alpinsesongen mot slutten, med snømangel og stengde anlegg både på Bondalseidet og i Hornindal. Denne helga går også siste rennet for sesongen i Hemsedal, og Geir-Ove Molvær fortel at med ei dotter som ønskjer å vere med på alt av treningar og konkurransar så skal det bli godt med ei lita pause frå trening og renn.

– Det tek ein del tid med to-tre treningar i veka og renn i helgane, men det gir også ein veldig motivasjon når ein ser resultata og utviklinga.

Og sjølv om det ikkje er skianlegg i ytre, og det går med mange timar til og frå treningar og konkurransar, så er det også motiverande å sjå andre utøvarar frå fylket som lukkast. Med alpinistar som Nina Løseth, Ragnhild Mowinckel og Sebastian Solevåg som alle har køyrt verdscup denne sesongen har dei unge utøvarane også lokale førebilete å sjå opp til. Og fleire av dei er også frå område der det ikkje er skikøyringa som står sterkast.

– Fartsdressen som Anny brukar har faktisk blitt brukt av Ragnhild Mowinckel, som også har signert den, fortel Geir-Ove Molvær.

Lite miljø i ytre

Då Anny Våge Molvær starta med alpint i Ørsta var det fleire jenter frå Ulstein som var med, men Geir-Ove fortel at desse dessverre har falle frå.

Men han legg til at ein denne siste sesongen har hatt med tre gutar herfrå som har trena med U10-gruppa.

– Det er synd at vi ikkje får med endå fleire også frå ytre, meiner han.