Øyvind Hagen vart denne veka klar for Brattvåg IL. Det skriv klubben på sine nettsider.  Hagen har spelt i Bergsøy IL dei to siste sesongane, men skal no spele 2.-divisjonsfotball for Hødd sine overmenn i Cupen.

Hagen har tidlegare mellom anna spelt for Hødd sitt andrelag og for Hareid.

Spelaren har signert ei kontrakt med Brattvåg IL ut 2017-sesongen.