AaFK 2 vann i kveld heile 4-1 over Træff borte. Det betyr at Hareid fekk den hjelpa dei trengte, og får då gå laus på sitt tiande år på rad i 3.-divisjon. - Vi skal kome grusomt tilbake, åtvarar ein skremmande glad fotballformann Einar Orten Trovåg.
Desse spelarane får vi etter alt å døme sjå i Hareid-drakta neste år - i 3. divisjon. Tre av dei verkelege berbjelkane i Hareid-laget gjennom heile 2000-talet; Even Hansrud, Vagn Scheide Mork, Kim-Tore Husøy. Foto: Arkivfoto, HIL Fotball.