Om lag klokka 11.00 sat sportsleg leiar Karl Alsaker i Hødd breidde seg bak rattet på varebilen til Roger Brudevoll i Brudevoll Kjøtt. Med seg i bilen har han eitt tonn med svinemør.

Sal i Oslo

Alsaker fortel til Vikebladet Vestposten at svinemørstuntet er avdelinga Hødd breidde sitt ansvar.

– Møren skal seljast på Youngstorget. Vi ville ha eit salstelt med noko lokalt, og fekk difor eit samarbeid med Roger Brudevoll. Bak i bilen har eg 8000 mørar. Det vert også mogleg for dei som bur i Oslo å få kjøpe kasser med mør, slik at dei har liggande til jul, fortel Alsaker.

Han legg til at Roger har stilt bilen til disposisjon, og at det er Hødd som har kjøpt all møren frå Brudevoll Kjøtt.

Får hjelp på Youngstorget

I tillegg til all møren vert det også sal av blant anna supportereffektar og drikke.

– Vi har vore så heldige å fått med oss om lag 100 personar frå Bekkelaget sportsklubb til å assistere oss under cupfinalefesten. Og dei får sjølvsagt litt for innsatsen. Dette gjer også at Hødd-familien kan slappe av gjennom helga, sjølv om enkelte av oss er i full sving, avsluttar Alsaker.

Han ventar å vere framme i Oslo klokka 19.00 torsdag kveld.