Det er Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST)m som har teke initiativet til “Opptur 2013”. Medan 8.-klassingane på andre sida av fjorden finn stien til Sulafjellet, skal tilsvarande kull i Hareid, Ulstein og Herøy gå over Melshornet. Turen startar på Ulset og blir avslutta på Overåsanden. Løypa er 6.2 kilometer lang. I løpet av turen skal elevane finne to postar. Alle får eit klippekort dei skal levere inn når turen er over.

– Vi trekkjer premiar til to av turgåarane. Dei får gratis deltaking på DNT Ung si 25-årsmarkering på Reindalseter midt i august, seier Arild Eidset i ÅST til Vikebladet Vestposten.

Vêrmeldingane er heldigvis gode, så det ligg an til ein bra tur.