Vikebladet Vestposten tok turen innom Hødd-leiren på Youngstorget laurdag for å høyre kva dagen har bydd på og om supportarane gler seg til kampen mellom Hødd og Tromsø på sundag.

Skulle hatt større telt

Innerst i eit av telta i "Sjøgata" står sportsleg leiar Karl Alsaker frå IL Hødd. Onsdag denne veka reiste han til Oslo med eitt tonn svinemør. Meir presist 8000 stykk.

Til ein av Vikebladet Vestposten sine utsende på Youngstorget fortel han at dei skulle hatt eit ekstra telt, sidan dei har hatt stor pågang.

- Tidlegare i dag var her så mykje folk at vi ikkje greidde å få pølsene varme tidsnok. Vi burde nok hatt eit telt til, slår Alsaker fast.

Trass i skepsisen til austlendingane, fortel Alsaker at mange av dei som bur her nede og som ikkje har smakt mør før, likar den - og i tillegg har kjøpt med seg nokre kasser heim.

Viktig for regionen

Midt inne på Youngstorget treff vi på Hareidordførar Anders Riise med eit blått skjerf rundt halsen. Han er på cupfinaletur saman med familien, og kom til Oslo i dag med bil.

Då vi spurde om ordføraren ville tippe resultatet på sundagens kamp, svarte han at resulatet betyr ein del, men at det ikkje er det viktigaste.

- Her gjeld det å setje regionen og næringslivet på kartet med engasjement og kvalitetar som kan smitte. Dette har vi blant anna vist ved skipsdåpen her i Oslo tidlegare i dag, fortel Riise.

Klar til kamp

Amund, sonen til Anders Riise hadde resultatet av kampen klart.

- Eg trur det vert 2-1 til Hødd, fortel Amund som gler seg til kampen.

Han fortel at han har med seg masse supporterutstyr, og er klart til å stå på tribuna å heie på dei.

Han legg også til at han storkosar seg på Youngstorget.

Cupfinaleshow

Og for dei som ynskte å følgje festen vidare utover kvelden spelte bandet "Kokken Tor" opp i det Vikebladet forlot staden klokka 18.30. Og mange stod utføre portane å trippa og ville inn.

Neste ut på programmet er Cupfinalefesten, kor blant anna sentrale skikkelsar, fotballspelarar, band med cupfinalelåter skal prege programmet.

Vikebladet kjem med ei foto- og videooppdatering frå festen.