- Eg er glad for at Ørjan har ei treårskontrakt signert for oss, sa manager Ole Gunnar Solskjær i Molde under pressekonferansen på Aker stadion torsdag ettermiddag.
- Vi har vore sikker lenge, og i denne sesongen har vi følgt Nyland i alle kampane på Høddvoll. Vi har hatt han i søkelyset sidan han var 16. Det er Norges største keepertalent vi har her no, og då var det ikkje tvil om at vi ville signere han, sa han vidare.
Solskjær meinte også det var viktig at Nyland er ein lokal gut. Nyland kjem frå Volda, og har spelt for Hødd sidan 2007.
- Vil spele så fort som muleg
- Eg valde Molde på grunn av satsinga deira på karrierebygging. Eg kjem til eit veldig godt keeperteam der det er kamp om plassane. Eg håpar å få spele etter kvart, helst så fort som muleg, sa den nybakte MFK-keeperen.
Han sa vidare at 7-8 klubbar, både norske og engelske, var interessert i han.
- Men det var ikkje vanskeleg å velje Molde. Eg bestemte meg etter cupfinalen.
- Han vil få speletid
Ole Gunnar Solskjær var trygg på at Nyland vil få speletid i MFK.
- Denne sesongen har vist kor viktig det er å fleire gode keeperar, og det har vore ein del interesse rundt dei målvaktene vi allereie har. Ørjan er Norges største keepertalent og vil få speletid.
Nyland sluttar seg truleg til MFK-troppen når sesongoppkøyringa til 2013-sesongen startar 12. januar.
Saka blir oppdatert.