- Eg synest vi leverer to gode kampar denne helga. I dag vinn vi med god margin, og vi spelte bra på fredag óg, seier Guri Stadeløkken som vart toppscorar med 6 mål mot Sykkylven. - Vi får til ting betre no, og har litt lågare skuldrar. I dag går vi ut som om vi ikkje har noko å tape, og vi får til mykje, gliste Hødd sin trufaste veteran etter 26-20-sigeren laurdag. Hødd rundspelte Sykkylven i første omgang, og leia 7-1 etter 15 minutt. Godt forsvarsarbeid, ein glimrande keeper i Linda Kostaris, og gode skot og lite rot framover gjorde at Hødd leverte ein strålande første omgang. Sykkylven hadde kun ein trussel i Grethe Helen Tynes, og Hødd var flinke til å ta ut henne. Til pause stod det 14-5, og kampen var nesten vunnen allereie.
Litt rot siste 10
Hødd heldt oppe det gode spelet i andre omgang, og heldigvis for kampen sin del heva Sykkylven seg litt i tillegg. Laga fulgte kvarandre heile omgangen, og halvvegs stod det 21-12, altså 7 scoringar kvar veg i andre halvdel. Mot slutten byta Hødd veldig mykje, og det vart til tider litt rotete og slappare i forsvar, men Sykkylven klarte ikkje å hente inn meir enn tre mål, og det enda til slutt 26-20 til Hødd. Trenar Vaso Kujacic synest laget spelte bra i dag, men synest det var dumt dei ikkje spelte like bra på fredag mot SIF - då vart det 20-19-tap. - Vi var eit litt anna lag på fredag. Hadde vi spelt som i dag trur eg vi hadde vunne mot Skarbøvik. På fredag vart det litt mykje bom i angrep, men i dag traff vi, nikka den høge trenaren. - Andre omgang vart litt slapp, men vi hadde allereie vunne etter første omgang. Det er slik som i dag vi skal spele, og eg må seie at det er greit å ha tilbake Linda i mål, smilte Kujacic. Om plassering ved sesongslutt er han realistisk optimist. - Der er tre, kanskje fire lag vi ikkje kjem over, men ein 5-6-plass er realistisk, avslutta han.