På same måten som i 2016 opnar Hødd oppkøyringa til ny sesong med januarkamp mot Aalesund. Fredag 27. januar skal laga i aksjon, men det er ikkje stadfesta kvar kampen skal gå. Hødd har lagt ut ei oversikt over treningskampar for vinteren, men denne er ikkje komplett, og det er ikkje bekrefta om kampane går heime eller borte på noverande tidspunkt. Det skriv Hødd på sine nettsider.
Men etter planen skal Hødd spele mot tre lag frå Eliteserien. I tillegg til kampen mot AaFK, blir det også kampar mot Molde og Sogndal. Dei resterande kampane er mot Florø (Obosliga), Herd (3.-div), Brattvåg (3.-div) og Træff (3.-div).
Fredag 27. januar: Aafk
Fredag 3. februar: Herd
Laurdag 11. februar: Brattvåg
Onsdag 22. februar: Molde
Laurdag 4. mars: Florø
Laurdag 11. mars: Træff
Tysdag 14. mars: Sogndal