Morks kontrakt med Hødd går ut etter denne sesongen. Tidlegare i haust skreiv vi om det nyopprykka Adeccoliga-laget Follo si interesse for kantspelaren. Mork var i Ski før sesongslutt og hadde eit vellukka treningsopphald med klubben.
Etter det vi erfarer er Follo framleis interesserte i Mork si underskrift. 19-åringen, som kom heim frå ferie på Gran Canaria søndag, fortel at saka ligg hos Hødd.
– Kan ikkje kjøpe
Men i løpet av den siste veka har også Mjøndalen hengt seg på i kampen om underskrifta til Christian Mork.
Det bekreftar MIF-trenar Vegard Hansen i samtale med Vikebladet Vestposten.
– Vi har forhøyrt oss litt og håper å få Christian ned hit på prøvespel. Men ein del ting må avklarast, som det økonomiske. Vi har ikkje pengar til spelarkjøp, fortel Hansen.
Pengane det eventuelt er snakk om blir kalla utdanningskompensasjon. Dette er ein viss sum som gjeld for spelarar under 21 år med proffkontrakt.
Treng kantspelarar
Vegard Hansen håper å få i gang ein dialog med Hødd som gjer at Mork kan gå gratis.
– Vi er på jakt etter kantspelarar. Det er hovudgrunnen til at vi vil ha Mork. Vi veit at han har vore eit veldig stort talent, men stagnert litt siste året. Slike tilfelle har vi gode erfaringar med frå tidlegare. Vi har gitt spelarar tryggleiken og tilliten til å blomstre igjen, til dømes Mads Hansen og Erik Midtgaren. Får vi ordna det økonomiske kan vi få til noko bra med Christian Mork, seier Hansen.
Og legg til at han veit om Follo si interesse for spelaren.
– Kjekt med interesse
Christian Mork sjølv er smigra over at fleire klubbar jaktar på han.
– Eg synest det er kjekt med interesse for meg. Mjøndalen gjorde det godt denne sesongen og spelte kvalifisering til Tippeligaen. Eg har ikkje prata med Mjøndalen sjølv enno, men veit dei har kontakta Hødd. Så eg satsar på å prate med dei snart, seier Mork til lokalavisa.
Og legg til at han også har hatt ein god dialog med Follo, ein klubb han framleis er høgaktuell for.
Tidlegare landslagsspelar
Christian Mork har spelt på alle landslag frå U15 til U18. Men etter å ha starta nesten alle oppkøyringskampane lukkast han aldri å spele seg til fast plass på årets Hødd-lag. Han spelte to cupkampar (Sarpsborg 08, Asker) og vart dermed norgesmeister i fotball denne sesongen.