Oppdal 1 – Hareid IL 1-0
Semifinale A-slutspel klasse F gutar 13/14 år
Ekeberg E13 09:00
Småguttelaget var tidlig på han med kamp klokka ni fredag morgon. Spelarane hadde openbert gnidd søvnen ut av auga for dei køyrde kampen frå start. På bane 13 fekk den fullstappa sidelinja sjå eit Hareid-lag som produserte mange sjansar, men som ikkje fekk utteljing.
Hareid skaut frå alle hold og kantar, men ballen gjekk anten over eller på Oppdal-målvakta. Isak André Kristoffersen var ein av dei hissigaste på å teste foten. Fleire gonger smalt det frå høgrefoten hans.
– Vi spelte bra i dag, og det er surt å tape, seier Isak til Vikebladet.
Før turneringa tok til trudde ikkje gutane at dei skulle gå så langt som til semifinale, men Isak er nøgd, det sure tapet til tross.
– Det er bra å ha kome til semifinale, men det beste hadde vore å spelt finale. Oppdal var gode i dag, men eg er skuffa, seier Isak.
Utslått og nedslått
Ei uoffisiell teljing gjort av trenarteamet til Hareid syner 20-3 i målsjansar. Magnus Rise er ein av tre trenarar og det var ein nedslått gjeng han rådde over etter kampslutt.
– Det var ufortent, men sånn er det. I dag hadde vi stang ut. Normalt hadde vi sett tre-fire av sjansane vi hadde. Berre sjå på karane, seier Rise og snur seg mot spelarane.
– Det hadde vore betre å tapt 10-0 enn 1-0.
I det store blå partyteltet Hareid-spelarane trakk seg tilbake til var det stillheita som rådde. Haud gøymt i hender og drakter, og trøystande ord frå tilskodarar og familie. Trenar Rise ga gutane fridom til å takle tapet på sine eigne måtar.
– No skal dei få suge på karamellen. Dei har tatt bronse i A-slutspelet. Det har ingen lag i Hareid gjort før, og gutane har fått god oppbacking heimafrå, seier Rise.
– Eg hadde vore meir bekymra om de ikkje hadde vore skuffa no. Dei kjem seg raskt over tapet.
Unngjekk brakkesjuka
Semifinalegutane spelar til vanleg 11ar-fotball, men sendte lag til 7ar-spel på Ekeberg. Etter ei veke tett på kvarandre i eit klasserom og med tett program har stemninga halde seg på topp.
– Det har vore ein fantastisk stemning i gjengen. Dei roser kvarandre og er berre gode vener.
– Har det vore tendensar til brakkesjuke?
– Nei. Eg er imponert, gutane er ein veldig sosial gjeng, seier Rise.