I morgon spelar Hødd-damene bortekamp mot Byåsen i 2.-divisjon. Sidan Trondheims-Ørn II ikkje kan rykkje opp reknar mange nettopp Byåsen som den største opprykksfavoritten i denne avdelinga. Sist helg spelte Byåsen 2–2 mot T-Ø II. Hødd har så langt denne sesongen tapt 6–0 borte mot T-Ø II og spelt 2–2 heime mot Nidelv. Poenget mot Nidelv vart redda av eit perlemål signert Ragnhild Ertesvåg to minutt på overtid.

Alt tysdag spelar Hødd 1. NM-runde. Mostandar i Sunnmørshallen er 1.-divisjonslaget Fortuna.

Med andre ord mykje å bryne seg på for dette Hødd-laget den komande tida.

Les også:

* Hødd - Nidelv 2-2* Tabellen i 2.-divisjon* Fleire Hødd-lag i NM