Dessutan er dei blitt minte på kva ein cupfinale inneber. Begge spelte nemleg for Skeid, som vann juniorcupfinalen i 1969 med 1-0 over Viking.
Kven dei er?
Stig Hareide er son til Edvin Hareide frå Hareid og Bodil Sundal frå Ulsteinvik. Edvin blir rekna som ein av Hareids beste spelarar gjennom tidene. Bodil var søster til Hødd-legendene Nils, Jon og Sindre Sundal. Ho døydde i 1989.
Bernt Rotnes er son til Lars Rotnes, som voks opp i Hofset-området i Ulsteinvik, berre eit steinkast frå Bodil Sundal sin heim. For å gjere Bernt si tilknyting til Ulsteinvik tydelegare , kan det nemnast at Bernt si tante, Bjørg, f. Rotnes, er gift med Jarle Osnes – 90-åringen som nyleg hadde kunstutstilling med stor suksess på Aktivitetshuset i Ulsteinvik.
Henta heim for å slå Hødd
Stig fortel at han har høyrt fortalt at faren Edvin vart henta med fly frå Oslo til ein kamp Hareid skulle ha mot Hødd. – Men dei tapte visst 5- eller 6-0, fortel han.
Edvin Hareide studerte juss og hadde nokre år som dommarfullmektig i Volda før han fekk jobb i Sjøfartsdirektoratet i Oslo. Der budde familien først på Hasle og seinare på Ammerud. Stig kom etter kvart med i Skeid-miljøet. Han fekk også eit par juniorlandskampar. Men etter eit par år som senior, der han fekk nokre a-kampar for Skeid, la han støvlane på hylla og konsentrerte seg i staden om å studere. Han enda opp som professor i filosofi.
- Eg har følgt med Hødd i alle år. Særleg har tante Annlaug (mor til John Åge og Geir Sundal) vore flink til å underrette meg om «rikets tilstand». Eg må vedgå at det kom overraskande på meg at Hødd skulle slå slik til i cupen. Eg såg dei på TV-skjermen både mot Haugesund og Brann – og der var dei verkeleg gode, seier Stig.
Besværleg sunnmørsklima
Bernt Rotnes fortel at faren hans spelte litt for Hødd før han forlet Ulsteinvik og reiste til København for å studere til siviløkonom. Der møtte han danske Mary. Dei ville prøve lykka på Nordvestlandet ei tid, blant anna jobba Lars på ein møbelfabrikk i Sykkylven. Men Mary fann sunnmørsklimaet besværleg, og dermed vart Oslo alternativet. Der budde familien først eit lite stykke ovanfor Skeidbana, så det var naturleg for Bernt å melde seg inn i Skeid, der han har gått gradene. Men då han kom opp på seniornivå gjekk turen fort over til Kjelsås, der han har spelt på a-laget i 10-11 år og lagt ned mykje arbeid som trenar og leiar.
Til liks med faren, som døydde to dagar før han skulle markere 90-årsdag i 2011, har Bernt satsa på siviløkonomi og er i dag økonomisjef for Konserthuset i Oslo.
- Eg har alltid følgt med Hødd, det gjorde faren min også. Eg har sett at dei har svinga i prestasjonane. Haugesund-kampen fekk eg ikkje med meg, men det eg såg av dei i 2. omgang i semifinalen mot Brann var veldig bra, slår han fast.