Desember er ein månad for spekulasjonar i norsk fotball. Hødd mistar fleire spelarar som i november vart norgesmeistrar. Klubben er på jakt etter ein keeper, ein stoppar og ein spiss. Kanskje også endå fleire spelarar.
Eit namn som har blitt nemnt er Joachim Magnussen. Han vart Hødd-toppscorar både i 2008, 2009 og 2010, før han melde overgang til Hønefoss.
Herøyværingen scora seks seriemål for Hønefoss-laget som rykte opp til Tippeligaen i fjor haust. I år har det ikkje gått like bra. På 13 Tippeliga-kampar (ni frå start) står Magnussen utan nettsus. Han har derimot notert seg for to målgjevande pasningar.
Held kontakta
Joachim Magnussen har eitt år att av kontrakten med Hønefoss. Sportssjef André Nevstad kan ikkje utelukke at Magnussen har blitt kontakta med tanke på eit nytt opphald i Ulsteinvik.
- Det er naturleg for oss å halde kontakta med spelarar som har vore i Hødd tidlegare, og følgje godt med korleis dei gjer det. Men om Joachim eller andre er aktuelle for oss er for tidleg å seie noko om, seier Nevstad til Vikebladet Vestposten.
Redaksjonen har prøvd å få tak i Magnussen på telefon nokre gonger utan suksess.
Mange forsvinn
Etter sesongslutt har Hødd mista Fredrik Klock (lagt opp), Kjell Rune Sellin (tilbake til AaFK) og Ørjan Håskjold Nyland (Molde). Elias Nonso Lala og Kazeem Ahmed får ikkje fornya kontraktane sine.
Christian Mork kan halde fram i Hødd, men det mest sannsynlege er at han skiftar klubb.
Thomas Lid Kleppe har kontrakt med Hødd, men har til lokalavisa tidlegare signalisert at han er usikker på framtida. André Nevstad kan ikkje på noverande tidspunkt avkrefte eller bekrefte om Kleppe blir med vidare.
Eirik Heltne, Jan Lennart Urke og Andreas Rekdal sine kontraktar har gått ut. Om desse blir med vidare er ikkje avgjort, men det er vel ganske sannsynleg at dei går på nye sesongar i Hødd.
PS. Det har tidlegare vore på snakk om ein internkamp eller ei trening før jul med inviterte prøvespelarar. Nevstad fortel at det ikkje blir ei slik økt på denne sida av jul.
Les også: