Micahel Karlsen fekk sin første start i serien for Hødd borte mot Levanger. Han gjorde ein god jobb på topp, spesielt i den første omgangen, då Hødd hadde overtaket på Levanger, men etter kvilen fekk ikkje Hødd like godt tak i kampen på Moan.

- Det er kjedeleg. I første omgangen så virkar det som om vi er på veg mot noko bra. Då er vi gode, kontrollerer kampen og gjer dei utolmodige. Vi skapar sjansar og er litt meir direkte. Det einaste Levanger skapar noko på er vår udyktigheit, seier Karlsen.

For sjølv om Hødd lenge hadde god kontroll på kampen, så var det Levanger som tok leiinga og som på overtid sette inn 2-0 på ei kontring.

- Vi blir litt for passive etter pause, men eg føler vi framleis har grei kontroll. Levanger er likevel eit vanskeleg lag å møte her, men vi må ta med oss at vi styrer kampen borte mot eit godt lag. Dessverre får vi ikkje noko utav det i dag.

- Mistar oss sjølv

Også trenar Hans Erik Eriksen meiner Hødd lenge hadde bra kontroll, men han må framleis vente på sin første seriesiger som Hødd-trenar.

- I lange perioder er vi veldig bra, men vi forsvarar oss ikkje godt nok på eit par situasjonar, mellom anna på den som blir avgjerande. Eg synest vi handterer kampen bra i veldig lange perioder, men vi mistar oss sjølv og måten vi ønskjer å spele på i nokre periodar, og spesielt i andre omgang.

Eriksen meiner Hødd klarte å halde seg bra til planen i den første omgangen, men at det gleppte litt meir etter kvilen.

- Totalt sett gjer vi ein bra bortekamp, men vi skulle sjølvsagt helst hatt med oss noko meir enn ein smultring heim.

Eriksen trur ikkje det var slitne Hødd-spelarar som gjorde at ein mista litt tak i kampen i perioder i den andre omgangen, for etter scoringa til Levanger tok Hødd over igjen.

- Vi sklei litt ut av det som var intensjonen vår. Vi kvikna til igjen, men fekk ikkje den sjansen vi trengde.

Losnar snart

No skapte Hødd nok sjansar til å både få med seg uavgjort og tre poeng, men Eirik Ulland Andersen sitt tverrliggjartreff var det næraste laget kom scoring.

- Å kome til Levanger og skape mange sjansar er det ikkje mange som klarar. Vi hadde våre i dag, men satte dei ikkje når vi fekk dei. På slutten blir det meir kaving og vi klarar ikkje å velge den rette pasninga eller rette skotmoglegheitene. Snart losnar det og då har vi plutselig mange trepoengarar også.

Mot slutten av kampen oppstod ei episode der mange på Hødd-benken såg raudt. Innbytar Lars Emil Flakk dundra inn i ei stygg takling på Eirik Skaasheim, men der Hødd-leiren var klare på at det burde bli raudt kort, trekte dommaren fram det gule. Eriksen vil ikkje seie noko om dommaren, men er klar på at han meiner Levanger-spelaren burde blitt sendt i dusjen for den ville taklinga.

Skaasheim kom ikkje tilbake på banen i sluttminutta, men gjekk forsiktig på foten på veg til bussen etter kampen. Backen fortel at han fekk øydelagt mykje av fjorårssesongen med leddbandskader i same ankelen, men at det truleg berre er snakk om ein hoven ankel i denne omgang.