Karsten Warholm fekk kongepokalen for andre året på rad under Friidretts-NM på Askøy denne helga. Kongepokalen er eit trofé som vert gitt til beste mannlege og kvinnelege utøvar i hovudmeisterskapen i friidrett. Line Kloster frå Sportsklubben Vidar fekk kongepokalen for kvinner. Begge pokalmottakarane var elles med på å vinne stafettgull for sine repsektive klubbar

Saman med lagkameratane Onar Apelseth, Nicolas Roppen Masters og Toralv Opsal tok nemleg Karsten Warholm stafettgull på 1000 meter stafett for Dimna IL på tida 1,54,01. I følgje Friidrett.no vart Warholm si sisteetappe på stafetten målt til 45,9. Idrettslaget Skjalg kom på andreplass, medan Sandnes IL tok bronse.

Karsten Warholm og Line Kloster vart årets kongepokalvinnarar. Foto: Thore-Erik Thoresen