Det fortel trenar Ole Per Kragset til Vikebladet Vestposten.

- Det er berre gode motstandarar vi møter på Norway Cup i år, og eg vil seie vi har gjort det svært godt så langt, seier Kragset.

Kvartfinaleklare

Det litt uvanlege, i Norway Cup-samanheng, er at Hødd sitt lag i jenter 18/19-årsklassen har fått fleire kviledagar fram mot kvartfinalen.

- Ja, det har blitt bra med kvile. Vi har hatt fri onsdag og i dag, torsdag, og det er sjølvsagt ganske luksus. Men, vi spelete ikkje åttandedelsfinalen grunna walkover, og vi har difor blitt nøydde til å vente til fredag med å spele kvartfinalen. Det er greit med litt kvile mellom slaga, men eg skulle heller ønskt at vi spelte åttandelsfinalane i dag, seier Ole Per Kragset.

Vinn Hødd sin kvartfinale mot Herd i morgon er det semfinale same kveld, og finale laurdag.

- Om vi vinn kvartfinalen er det Lyn vi mest truleg møter i semien. Eit lag med nesten berre landslagsspelarar. Det kan bli knalltøft, men vi ser fram til utfordringa med glede. Men først må vi prøve å slå eit anna godt lag, Herd, seier Kragset.

Flott gruppe

Kragset fortel at han er veldig stolt over prestasjonane så langt, og vil gi ros til gjengen han har med seg.

- Vi har hatt eit flott opphald, og vi er ei fin gruppe. Ein eksemplarisk gjeng å ha med seg på tur.

Hødd J18/19 har ifølgje trenar Ole Per Kragset med seg desse spelarane nedover til Ekebergsletta og Norway Cup:

Gro Elise Aksnes, Vilde Sundal, Karoline Dahl, Hannah Rekdal, Madeleine Gustavsen, Marte Vik, Therese Holstad, Andrine Nevstad, Stine Sundgot, Pia Brandal, Anna Thunem, Cecilia Bakke, Ragnhild Knardal, Olea Flø Larsen, Anna Nerland Aahjem.

To Hødd-lag igjen

Av Hødd-laga som var med på årets Norway Cup er det to lag som framleis er med i sluttspela sine.

Nemnte Hødd J 18/19 og G 15/16 sitt 01-lag (gutar fødd i 2001).

G 15/16 01 spelte torsdag ettermiddag kvartfinale mot Urædd FK i B-sluttspelet.

Diverre tapte Hødd 01 kvartfinalen mot Urædd med 4-0. I ein mail til Vikebladet Vestposten beskriv trenarane tapet slik:

- Åpninga av kampen var forholdsvis bra og kampen bølgja fram og tilbake. Vi hadde moglegheita til å ta leiinga, men skotet gjekk like over krysset. Så tok dei leiinga på sin første sjanse og scora igjen på sin andre. Da gjekk lufta litt ut av oss og vi klarte ikkje å komme opp mot nivået vi hadde hatt i dei føregåande kampane. Rett før pause gjekk Urædd opp i 3-0 og kampen var då køyrd. I andre omgang var vi litt meir med, men det var berre dei som klarte å score. Vi tapte dermed 4-0, og det laget som ville mest vann kampen klart. Totalt sett har vi gjennomført ei god turnering og gutane har vakse frå kamp til kamp.

Korleis det har gått med dei andre Hødd-laga i turnerninga kan du sjå her.