Ådne Andersen var søndag med i finalen på 1500 meter under NM i Sandnes. Under 800 meter-finalen vart det trått for Andersen, men han var betre med på den lengre distansen.

Ut av siste sving låg Andersen på ein femteplass, men såg ut til å kunne avansere eit par plassar på oppløpet. Dei siste femti metrane blei det likevel litt for tungt og Andersen enda på femteplass med tida 3.55,42. Andersen var mindre enn sekundet bak bronseplassen.

Jakob Ingebrigtsen frå Sandnes tok NM-gullet.