Ikkje heilt uventa vart Karsten Warholm frå Dimna IL i dag utteken til senior-EM i Zürich i august. Det er på 400-meter 18-åringen skal løpe med flagget på brystet.

Du kan sjå heile den norske EM-troppen på friidrett.no.

Karsten Warholm skal også delta i U20-VM i juli, då i mangekamp, og stortalentet har tidlegare sagt at det er den meisterskapen han prioriterer høgast denne sesongen.

Til helga deltek Warholm i ein landskamp i Estland. Den kan du lese meir om her.