Dei tre målscorarane saman med kaptein og bursdagsbarn Martin Haanes. (F.v.) Robin Hjelmeseth, Martin Haanes, Andreas S. Olsen og Eirik Heltne

Trass i mangelen på scoringar var ikkje første omgang innhaldslaus. Heile fem gongar small ballen i stolpen, men ingen av laga fekk utteljing.

Etter pause vart det derimot meir enn berre sjansar for heimelaget. Ni minutt var spelt etter kvilen då Andreas Sørgård Olsen sette inn 1-0 etter nydeleg forarbeid av Christian Mork. Fem minutt seinare var Mork nok ein gong regissør då han spelte Eirik Heltne fri åleine med keeper. 7 meter frå mål gjorde Heltne ingen feil og sette inn 2-0. Same mann auka seinare til 3-0.

Dei to siste scoringane kom ved innbyttar Robin Hjelmeseth. Den første etter han blei spelt gjennom av dagens første målmakar, Sørgård Olsen. Den andre var av det vakre slaget. Thomas Aure slo langt til Hjelmeseth som dempa elegant før han lobba ballen over ein slagen Norborg-keeper.

Etter eit tungt 6-2-tap for Brattvåg førre kamp var trenar Kenneth Moldskred nøgd med resultatet.

- Ein strålande gjennomført kamp av alle saman, i dag var det viktig å få revansjert førre kamps resultat, sa Moldskred etter kampen.

- Vi scora fem men kunne enkelt laga 8 mål, heldt han fram.