Kampen betydde ikkje noko for kvalifiseringa; både Hødd og Ørsta var klare for 1. divisjon før denne siste kampen i gruppa. Det stod 0-0 ved pause, og Hødd nytta sjansen til å gi fleire spelarar speletid. Såleis starta laget med tre smågutespelarar i andre omgang. Hødd førte likevel det meste av kampen, men 10 minutt før slutt scora Ørsta då ein angripar snappa opp eit litt lurvete tilbakespel frå ein høddforsvarar.