Åslaug Helvig (t.v.) spelte sin første kamp for damelaget og imponerte stort med to scoringar. Her står ho saman med Marit Vikebakk som også debuterte for seniorlaget.

- Vi vinn 4-1 på ein dårleg dag og det snør i mai, var trenar Per-Rune Tødenes sin kommentar til kampen.

I første omgang var Ranheim det mest dominerande laget på bana, likevel tok Hødd føringa etter 17 minutt då debutanten Åslaug Helvig banka ballen i mål etter mykje rot i feltet.

Så mykje meir hendte ikkje etter scoringa. Ranheim burde strengt tatt utlikna åtte minutt før pause då ein spelar fekk ballen åleine føre opent mål. Diverre for trønderane skaut ho utanfor. Fem minutt før pause fekk dei ein ny kalddusj då Kristin Haddal auka leiinga til 2-0 etter at ho venda flott opp og skaut frå 16 meter.

I andre omgang brukte Hødd berre ti minutt på å punktere kampen. Kristina Meinseth forserte framover og avslutta på dyktig vis frå vingposisjon. Berre tre minutt seinare skulle Ranheim få si utlikning. Etter tilbakespel fekk dei frispark inni Hødd sin sekstenmeter og sette enkelt inn reduseringa.

Ti minutt før full tid sette superdebutant Åslaug Helvig inn sitt andre for dagen og fjerna all tvil om kven som kom til å gå av med sigeren.

No ventar Treff som neste motstandar 24 mai, også denne kampen på heimebane.