Dei 50.000 kronene er siste pengegåva som Sparebanken Møre deler ut i år. Hittil i år har konsernet rundhanda delt ut 32 millionar kroner til lag og organisasjonar. Leiar Trudi Moniz i Ulstein judoklubb vart så glad at ho gret då banksjefen i Ulstein ringde for å fortelje at klubben skulle få dei siste 50.000 kronene. – Vi treng dei sårt til nye matter. Dagens matter er mellom 25-30 år gamle og utslitne, forklarer ho. – Mattene er grunnlaget for all treninga vår. No kan vi både få trent meir, og reise meir på konkurransar, legg Moniz til. Ulstein judoklubb har til dømes vore med på berre eit noregsmeisterskap, i Ålesund. Då oppnådde dei både 3. og 4.-plass, noko som provar at klubben har eit godt nivå. – Vi har ein profil som legg opp til at det ikkje skal koste utøvarane noko særleg å vere med i klubben. Når Sparebanken Møre no spanderer matter på oss, kan vi bruke meir av klubbkassa til å konkurrere, strålar Moniz. Beate Gjerde Hauge opplyser at banken likte godt at det i søknaden frå Ulstein judoklubb blant anna stod at dei er ein klubb som prøver å inkludere alle born og unge – på alle nivå. Også funksjonshemma. Gjerde Mork hadde også merka seg at klubben er gode på samhald på tvers av alder. Ulstein judoklubb har om lag 50 medlemer frå Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Deltakarane er frå 10 år og oppover til ca. 20. Bjarne Bøe, mangeårig trenar i Ulstein judoklubb, er også svært glad for gåva. – Dette er den største gåva vi nokon gong har fått, smiler han.
Sport →
Julenissen kom med 50.000 kroner til Ulstein judoklubb
Gleda stod i taket då banksjef Beate Gjerde Mork i Sparebanken Møre, utkledd som julenisse, kom til med ein sjekk på 50.000 kroner til Ulstein judoklubb.