Bergsøy, som spelar i 4.-divisjon i år, opna best og tok leiinga 1-0 ved Frank Sverre Skorpen frå kort hald i det 13. minutt etter at Hareid-forsvaret hadde mislykkast i å klarere fleire gonger. Så skjerpa Hareid seg og tok over kampen. Laget fekk annullert ei skoring i det 22. minutt. I det 35. minutt var Helleseth åleine gjennom, men skaut via keeper og utanfor. I det 36. minutt kom utlikninga på ei kontant heading frå kort hald av Karsten Melø. Minuttet etter gjekk Hareid opp til 2-1 ved Remi Helleseth etter forarbeid av Kim-Tore Husøy. I 2. omgang gjekk Hareid opp til 3-1 på eit velpassert frispark frå Kim-Tore Husøy, men minuttet etter fekk Bergsøy straffe på det dommar Per Rich Hunstad meinte var ein hands av Martin Ingjerd. Frank Sverre Skorpen skora sikkert, men fleire mål vart det ikkje. Hareid vann ein fortent siger, trass i at laget mangla svært mange sentrale spelarar. Hareid stilte slik: Vagn Scheide Mork - Nikolay Røyset, André Nupen, Martin Ingjerd, Ruben Kenneth Brandal - Per Ståle Nykrem, Espen Beiermann, Karsten Melø, Kim-Tore Husøy - Peter Paus, Remi Helleseth. I 2. omgang kom Marius Slettebaklk inn for Paus, medan André Skotheim kom inn for Beiermann det siste kvarteret. Hareids og kampens beste var Kim-Tore Husøy. Unggutane Ruben Kenneth Brandal og Nikolay Røyset var overraskande gode og konstruktive - og vi teiknar også ein pluss i margen for nykomaren og flankespelaren Karsten Melø, som kjem til å bli ein nyttig mann for Hareid-laget denne sesongen.