Laurdag tok Hødd imot Førde til det som var heimelaget si generalprøve før serieopninga neste helg.

Hødd mangla fleire spelarar til denne kampen og spesielt offensivt var det ei rekkje fråfall, då både Magnus Myklebust, Robin Hjelmeseth og Joachim Osvold såg kampen frå tribuneplass.

Dermed var det Badr Rahhaoui og Bendik Rise som fekk sjansen på topp i denne kampen, med Rise i det som såg ut til å vere ei ganske fri offensiv rolle.

Rahhaoui var også den som fekk dei første sjansane i kampen, men utan at det blei mål.

I dei siste kampane har Hødd fleire gongar trøbla litt frå start defensivt, men mot Førde såg det ut til at konsentrasjonen var på topp frå første minutt. Bortelaget skapte svært lite i løpet av den første omgangen og klarte ikkje å sette Ole Monrad Alme på ei einaste prøve i løpet av dei første førtifem minutta.

Då vart det oftare farleg på andre sida av bana. Hødd kom fleire gongar til gode skotmoglegheiter i området rett utanfor 16-meteren, men verken Joakim Wrele, Marius Hagen eller Preben Sætre fekk heilt full klaff.

Fortent scoring

Etter 28 minutt gjekk Hødd fortent opp i leiinga. Daniel Eid la inn mot bakre stolpe der Preben Sætre kom stormande. Han sende ballen tilbake, men ikkje mot mål. I staden spratt den opp til Marius Hagen, som heada ballen over Førde-keeperen og inn i nettmaskane til 1–0.

Hagen var også farleg frampå nokre minutt seinare etter eit fint framspel frå Daniel Eid, men avslutninga frå Hagen gjekk til side for mål frå god posisjon.

Hødd var det klart beste laget i den første omgangen og gjekk til pause i føringa, men leiinga kunne også vore endå større om heimelaget hadde tatt endå betre vare på sjansane sine.

Det tok berre to minutt etter pause før Hødd var nære ved å doble leiinga. Badr Rahhaoui tvinga fram ei god redning frå Førde-keeperen med ei heading frå kort hald, men Hødd fekk ikkje avslutta skikkeleg på returen.

Hødd dominerte fullstendig i banespelet på Høddvoll og gav ikkje 3.-divisjonsmotstandarane sjansen til å etablere noko spel på Hødd sin halvdel. I staden blei angrep etter angrep rulla opp av Hødd i jakta på fleire scoringar.

Badr Rahhaoui var igjen nære etter 60 minutt. Hødd fekk lagt inn frå venstresida og Rahhaoui fekk heada mot mål, men keeper varta opp med ei god redning og fekk slått vekk ballen.

Meir effektive etter kvart

Hødd skulle også få den andre scoringa etter kvart. Då 64 minutt var spelt fekk heimelaget corner og framom mål dukka Eirik Haugan opp. Midtstopparen har vist seg som eit bra angrepsvåpen på dødball og scora i andre kamp på rad, då han heada inn 2–0.

Kort tid etter fekk Førde ein sjeldan sjanse til å flytte opp folk då laget fekk corner, men dødballen vart svakt utnytta og Hødd fekk igjen overta.

Og femten minutt før slutt var det Badr Rahhaoui sin tur. Eirik Franke Saunes tok seg fint fram på venstresida før han prikka ballen i bakrom til Rahhaoui. Han sprang frå forsvaret, runda keeper og kunne trille inn 3–0.

Det skulle ikkje ta lange tida før Hødd sette inn sitt fjerde for ettermiddag. Heimelaget kom oppover med mykje folk, men Marius Hagen tok med seg ballen på eiga hand og vart ikkje utfordra av forsvaret. Dermed kunne han avslutte fritt frå om lag 16 meter og Hagen plasserte ballen heilt nede ved stolperota.

Deretter var det ein unggut som skulle få vise seg fram. Elias Flø var oppmerksam då ein forsvarar hadde eit dårleg touch og dermed fekk innbytaren sjansen til å sette fart mot mål. Flø tok med seg ballen inn i feltet og avslutta via keeperen og inn i nettet til 5–0.

No handla alt om Hødd og Eirik Franke Saunes fekk ein stor sjanse til å sette kampen sjette scoring, men skotet frå Franke Saunes vart for dårleg og gjekk til side for mål.

Hødd vann til slutt med 5–0 over Førde og fekk ei god stadfesting på forma ei veke før seriestart.

Kampfakta:

Treningskamp, Høddvoll

Hødd - Førde 5 - 0 (1-0)

Dommar: Even Myrheim, Emblem IL

Gule kort: Elias Flø

Mål: 1-0 Marius Hagen (28), 2-0 Eirik Haugan (64), 3-0 Badr Rahhaoui (75), 4-0 Marius Hagen (76), 5-0 Elias Flø (83)

Hødd: Ole Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu - Daniel Eid, Marius Hagen, Joakim Wrele (Elias Flø 76), Andreas Breimyr (Johannes Sundgot 75), Preben Sætre (Eirik Franke Saunes 60) - Badr Rahhaoui, Bendik Rise (Bam Hide 75).