– Det er ein skikkeleg god måndag for oss alle her i dag. Både med tanke på dagen i går og elles i helga. Det trur eg vi treng litt tid på å fordøye. Men det er ei fantastisk god kjensle, fortel sportssjef André Nevstad til Vikebladet Vestposten på Høddvoll måndag.

Nevstad legg til at dei ikkje har hatt tid til å gjere så mykje på klubbhuset, for utan å snakke med pressa som er heilt naturleg etter ei slik hending.

– Eg har sagt til dei tilsette at denne dagen kan dei bruke til cupfinalen og etterarbeid. Så må vi nok sakte men sikkert sjå opp og fram mot det som skal skje i 2013. Det ligg mykje godt arbeid føre oss no. Det er ingen tvil om det, slår Nevstad fast.

På spørsmål om kva han synst om folket sitt engasjement opp mot cupfinalehelga, svarar Nevstad at han er mektig imponert.

– Eg har vore rørt og det har gått frysningar nedover ryggen fleire gongar. Så mange blå. Det engasjementet og den patriotismen som har vore denne helga er heilt fantastisk. Også avslutninga på Sjøborg som Ulstein kommune inviterte oss til. Vi set veldig stor pris på dei mange supporterane som møtte fram også. Det sat ei flott ramme rundt arrangementet, smiler Nevstad.

Cupsiger gir inntekt

Sjølv om gjennomføring av cupfinalen med tilhøyrande arrangement medfører store kostnader, har André Nevstad trua på at dei kjem godt ut av dei heile også økonomisk.

Erfaringsmessig medfører cupgull både auka sponsorinntekter og inntekter frå til dømes sal av supportarutstyr. I tillegg kjem billettinntekter og medieinntekter frå finalen frå cupfinalen, som Hødd deler med Tromsø IL og Norges Fotballforbund.

– Vi har ikkje no noko endeleg oversikt over kva dette vil koste oss. Men vi veit at det å gjere det godt i cupen – og vinne cupen – gir gode inntekter til klubben. Men dette er noko vi dei neste vekene får meir innsikt i. Så det vert spennande å sjå, avsluttar Nevstad.

Overrekte blomar

– Eg tyk­kjer det er heilt nød­ven­dig å gje blo­mar i dag. Det er ein stor dag for Hødd og Ul­stein kom­mu­ne si his­to­rie. Hødd er 93 år. Og då var det på tide det skjed­de noko for­mi­da­belt. Som i går – då dei vann cup­fi­na­len, sei­er Ber­set, som legg til at hen­din­ga var stor for Ul­stein kom­mu­ne, men enda stør­re for Hødd.

Og ord­fø­ra­ren var sjølv­sagt på kam­pen. I til­legg var han så hel­dig å få sit­je på kongetribuna.

– Eg had­de fan­tas­tisk ut­sikt. Kam­pen var ner­ve­pir­ran­de, og eg beit nag­lar hei­le tida, ved­går ord­fø­ra­ren.

 – Kva trur du re­sul­ta­tet av kam­pen be­tyr for kom­mu­nen med Hødd i spis­sen?

– Det­te har eg sagt man­ge gon­gar før. Hødd er ei vel­dig god mer­ke­va­re for Ul­stein. I lan­ge tra­di­sjo­nar med kul­tur og his­to­rie, har Hødd ut­merkt seg hei­le tida. Men no har vi fått man­ge and­re mer­ke­va­rer i kom­mu­nen som blant anna Ul­stein Group, Rolls-Royce og Kle­ven. Men li­ke­vel er Hødd vår al­ler bes­te mer­ke­va­re, som no har styr­ka sin po­si­sjon gjen­nom sun­da­gens kamp, av­slut­tar Ber­set.

Ulsteinordførar Jan Berset
Fotballfritidsordninga ved Hødd