Då Hødd trente formasjon tysdag ettermiddag var det med Veris som høgreback i den første økta. Fredrik Klock og Ulrik Wingsternes danna midstopparparet. Fernando Caballero er for tida i Uruguay for å skaffe seg eit italiensk pass (vanleg blant sør-amerikanske fotballspelarar i Europa). Han vender tilbake til Ulsteinvik torsdag. Kontrakta hans som går ut 1. august er ikkje fornya, men ein ny avtale kjem til å gå i boks før helga. Så han er aktuell for speletid då. Vikebladet trur at Ulrik Wingsternes no vil bli vurdert som midstoppar. Derfor ligg det an til at Veris tar plassen på høgrebacken, medan Caballero og Wingsternes gjer opp om å danne midstopparparet saman med Fredrik Klock. Caballero skal ha vore svak mot Hønefoss og gjekk ut i pausa. Wingsternes var svak som høgreback i 1. omgang, men god som midstoppar etter kvilen.

Sandal ryggskada

Torsdag ettermiddag spelar Hødd internkamp. Den økta vil nok bestemme kven Sture Fladmark og co endeleg vil satse på mot Sarpsborg Sparta. Den einaste på skadelista no er Erik Sandal. Han trente verken i dag eller i går grunna ryggplager. Korleis det går med han med tanke på søndagens oppgjer er enno usikkert. Etter Hønefoss-kampen etterlyste Sture Fladmark haldningssterke spelarar som vil kjempe. Står han inne for det enno, er det grunn til å tru at Kjetil Paulsen er på veg inn igjen i ellevaren. PS. Sist Hødd møtte Sarpsborg Sparta vart Kyle Veris av mange kåra til banens beste. Sparta-kampen er den einaste Hødd har vunne i serien i år.

Kyle Veris under Hødd si trening måndag. Foto: (Foto: Jan Henrik Djupvik)