Det var sommaren 2010 Akeem kom frå Nigeria til Norge og Strømsgodset. Opphaldet i Drammen vart ingen ubetinga suksess, og han fekk med seg berre to seriekampar den hausten. I cupen spelte ikkje Akeem i det heile, og han sat på tribunen då Godset vann cupen etter finalesiger mot Follo.

- Du kan gjerne kalle dette ein revansje for meg. Cupfinalen på søndag trur eg blir karrierens høgdepunkt for meg så langt. Det er noko eg verkeleg ser fram til, seier Akeem.

Etablert familiemann

Lokalavisa møter den offensive høgrebacken på Høddvoll etter treninga onsdag. Akeem fylte 23 år for ei veke sidan, men har meir enn nok å styre på også utanfor fotballbana. Han er nemleg far til tre, to av dei tvillingar som kom til verda denne hausten.

- Det kan vere litt stressande ja, men det gjer ikkje noko. Eg ser fram til å kunne spele fotball med tvillingane også. Og etter cupfinalen skal vi alle på ferie til Nigeria i to månader. Det ser eg fram til, fortel Akeem.

"Two big games"

Som først kom på lån til Hødd i 2011. Framfor inneverande sesong skreiv han under ein treårsavtale med blåtrøyene. I år har Akeem spelt 29 av 30 seriekampar for Hødd (stod over éin grunna tre gule kort) og alle cupkampane. Det er kanskje i cupen Akeem har imponert aller mest denne sesongen, med glimrande spel både mot FK Haugesund og Brann. Er han mannen for dei store kampane?

- Det kan du gjerne seie. Eg meiner å ha vist i desse kampane at eg held eit høgt nivå. Kanskje spesielt i Haugesund, men også mot Brann. Det var "two big games", smiler Akeem.

Som trur Hødd kan bli laget som løftar den gjævaste pokalen på Ullevål søndag ettermiddag.

- Sjølvsagt kan vi slå dei. Vi skal møte eit godt lag, men vi slo Brann og FK Haugesund også. Spelar vi på vårt beste er vi gode, og det er jo berre snakk om 90 minutt.

- Kan ta steget

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen er glad han har Akeem Latifu i stallen.

- Akeem er ein veldig god fotballspelar. Han har eit høgt toppnivå, er sterk, og har sine styrkar offensivt. Akeem har ein god relasjon til Pål (André Helland) på høgresida. Når dei to er i slag er vi ofte gode. Det har vi spesielt sett i cupen. Akeem har å gå på defensivt. Det handlar om markering i boks og å posisjonere seg. Men dette er noko han jobbar med kvar trening. Blir Akeem betre på dette kan han ta det neste steget. Toppnivået hans er høgt og på sitt beste held han Tippeliga-klasse. Ein mot éin er han veldig god, skryt Nilsen.

Les også:

* Aursnes er sjuk* Skal stoppe toppscoraren* Tidenes satsing av Vikebladet Vestposten* Scheie er klar* Bilete av Hødd-spelarane før i tida* Må gjere som Marion* Ladar opp heime