- Vi har hatt ein god treningsvinter, og no er det berre å gle seg. Vi er i rute, fortel Hødd-trenar Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Den siste treningsveka før første seriekamp har vore bra, meiner trenaren.

- Vi har prøvd så godt vi kan å lade bra opp, og vi har hatt fokus på å ha det kjekt og positivt på trening. Det handlar om å kanalisere gleda over å komme i gong inn i mot det å prestere i første kamp.

- Korleis er det med spelarane?

Spelarane har gleda seg lenge til å komme i gong. Dei er forståeleg nok leide av treningskampar, det er det å få spele kampar som gir utteljing som betyr noko. Lysta til å prestere og gleden over at vi snart er i gong er stor i spelargruppa no, det merkast lett, seier Eid.

- Bør ha eit betre lag

Når det gjeld skadesituasjonen så er Vegard Heltne framleis ute med skade. Bendik Torset og Erik Sandal fekk begge prøve seg i kampen mot Sogndal. Ole Amund Sveen og Joakim Wrele er framleis usikre. Trenar Eid har likevel eit håp om at dei to kan bli klare.

- Korleis skal dykk slå Strømmen på bortebane?

- Serieopninga er alltid veldig spesiell. Det blir litt som ein cupkamp, der alt kan skje. Eg trur at det laget som vinn, er det laget som har mest tru på seg sjølv, det laget som har mest energi.

Eid meiner at Hødd på papiret stiller sterkare enn Strømmen.

- Vi bør ha eit betre lag enn Strømmen. Men, eg trur likevel det vil bli ein tett og tøff batalje. Vi skal uansett ikkje gi oss, og vi står på for å sikre dei tre første poenga, seier Sindre Eid avslutningsvis.