Ulike lag og organisasjonar, private- og bedriftslag kjempar om kven som er best i fotball under årets Grendacup. Cupen gjekk av stabelen i dag fredag, og held fram til laurdag.
I bilete: Grendacupen i Hareidshallen
Ga alt
Då Vikebladet Vestposten stakk innom dørene fredag, var laga "Goldplay", "Smårips", "The Losers" og "Oldest with no brains" blant dei ungjentelaga som kjempa om å banke ballen i nettet til motstandaren.
Etter nokre omgangar på 12 kjappe minutt, kjempa blant anna Jets, Hareid Group, Ulmatec og Odim mot sterke motstandarar.
Satsing på høgt nivå kunne vi sjå i kvar og ein spelar på bana.
Mykje publikum
Og ikkje overraskande trekk Grendacupen mykje folk. Både nede ved inngangen og oppe på galleriet var det fullt i skodelystne som heia på vener, kollegaer eller familie. Stemninga var høg.
Hareid IL leverer eit godt arrangement med stor kiosk, kor publikum kan kjøpe seg god mat og drikke som dei kan nyte under krigen mellom grendene.
Sjå video i toppen av artikkelen.