Fotballkarrieren til Andreas Rekdal er ei historie for seg sjølv. Larsnesingen var ung og god for Hødd i 2006 og 2008, men elles stort sett skadeplaga. Framfor 2011-sesongen gav han opp og gjekk tilbake til Larsnes/Gursken, der han skulle vere hjelpetrenar. Etter kvart tok Rekdal på seg skorne sjølv, og i vår vart han endeleg fast på LGFK-midtbana. Hødd tok sjansen og henta han tilbake før overgangsvindauget stengte i haust. Mange var skeptiske til overgangen, men no veit dei betre.

- Eg gjekk til Hødd i august rett før FK Haugesund-kampen. Eg tenkte det ville vere kjekt å få spele kvartfinale i cupen. Så tok vi dei og Brann, og så endar vi opp her. Det er berre fantastisk, smiler Rekdal i samtale med Vikebladet Vestposten.

Skulle ikkje skyte

Då han banka Hødds femte straffespark hardt og høgt i mål var det gjort. Hødd er norgesmeistrar for aller første gong, og ein beskjeden og skadeplaga innbytar frå Larsnes scora det siste og avgjerande målet.

Men eigentleg var det ikkje Rekdal som skulle ta straffe nummer fem.

- Det var Espen (Standal) som skulle ta straffa. Men han ville ikkje. Lars Arne gav ho vidare til meg, og eg tok utfordringa. Å sjå ho gå i mål var veldig herleg, fortel 23-åringen.

- Men du ser veldig roleg ut til å ha nettopp blitt matchvinnar i NM-finalen, Andreas?

- Ja, men det heile er så merkeleg. Eg kom jo inn som innbytar og enda opp med å bli matchvinnar. Eg har jo heller ikkje spelt så mykje i det siste. Tilliten var stor rett etter overgangen til Hødd, så vart eg skadd, samtidig som Vegard kom tilbake. Det har blitt med nokre innhopp.

Bomma for LGFK

Andreas Rekdal røper at han ikkje har så god erfaring som straffeskyttar. Sist han tok straffe var for LGFK mot Averøykameratane. Det svake forsøket vart enkelt redda av keeper. Men det fekk heldigvis ingen vite før dagens straffesparkkonkurranse. Då hadde Rekdal bestemt seg.

- Eg hadde bestemt meg for å skyte hardt og til side. Etter at ballen gjekk i mål blacka eg ut i omtrent fem sekund. Det var stort.

- Var du nervøs?

- Ja, men samtidig veldig fokusert. Eg følte eg trefte ballen bra, og han gjekk dit eg ville. Så det var herleg.

- Korleis blir feiringa?

- Det blir ein kjempefest i Ulsteinvik. I kveld skal vi kose oss, smiler Andreas.

- Fortener det

Trenar Lars Arne Nilsen sa dette til lokalavisa om matchvinnaren:

- At Andreas fekk avgjere er eit eventyr. Ingen i Norge har jobba hardare enn han for å bli frisk.