Fleire frykta at Hødd-venstrebacken Victor Grodås kunne miste heile vårsesongen då han vart kneskadd under NM-kampen mot Brattvåg onsdag.

Men fullt så gale gjekk det heldigvis ikkje. Grodås må fjerne ein flik frå menisken. Det skjer tysdag førstkomande.

- Eg håper Victor kan trene for fullt om ca. tre veker, seier Hødd-trenar Lars Arne Nilsen til Vikebladet Vestposten.

Les også:

* Skadeomfanget uklart

* Artikkel om meniskskadar