Det var sagt at årets påmeldingsfrist til Grendacupen var absolutt, og då den gjekk ut sundag kveld hadde 31 lag meldt seg på til turneringa. No ender det likevel med ein noko utvida påmeldingsfrist.

Arrangørane melder at det er fordi ein ikkje kjem igang med oppsettet før onsdag, og det vil derfor vere mogleg å melde seg på fram til tysdag kved.

Så langt er det kome inn 17 lag i herreklassa, 5 damelag og 9 ungdomslag (5 gutelag og 4 jentelag).