Sist veke imponerte Hareid med å plukke poeng frå Bergsøy heime på Hareidsmyrane. Det førte til at Bergsøy definitivt var ute av kampen om opprykk, og at det meste peikar på avdelingssiger til naboane frå Hødd 2.

Kjempar mot nedrykk

Denne veka er det eit lag frå andre enden av tabellen som er Hareid sin motstandar, og frå å «avgjere» kampen om avdelingssiger ei veke, kan Hareid no vere med på å avgjere korleis det går i kampen om å unngå nedrykk.

Tre rundar før slutt i 3.-divisjon avdeling 4 ser det ut til at det berre blir eitt lag frå Sunnmøre som rykkjer ned. Dersom det står seg vil to lag gå ned frå 4.-divisjon på Sunnmøre.

Norborg har størst trøbbel med sine 13 poeng, og møter Rollon borte fredag. Med tap der vil det meste tyde på at Norborg spelar 5.-divisjon i 2017. Rollon er heller ikkje heilt trygge, men vil truleg vere det med siger fredag.

Dei to andre laga som kjempar for å unngå den tunge turen ned til 5.-divisjon er Langevåg og Godøy. Langevåg har eitt poeng meir enn Hareid sine motstandarar denne veka, og med unntak av Hødd 2 på måndag har nok også gultrøyene hakket enklare program i innspurten.

Første siger i 2014

For eitt par år sidan ville bortesiger for Hareid på Godøya nærast vere utenkeleg. Rett og slett fordi det aldri hadde skjedd. Først i 2014 kom første bortesigeren mot øy-laget, og Hareid følgde opp med sin andre i 2016. Då enda det 3–1 til Hareid, same resultat som då laga møttest på Hareid stadion tidlegare i år.

Då sørga to seine scoringar frå veteranen Eiliv Thore Howlid og ungguten Henrik Holstad for at Hareid fekk med seg alle tre poenga, etter at Trond Brynestad hadde utlikna Nikolay Sundgot sitt tidlege leiarmål.

Hareid har variert stort den siste tida, og har to sigrar, to stortap og ein uavgjortkamp på sine fem siste. Ein må faktisk tilbake til 10. august for å finne siste bortesigeren.

Simon Holstad Grimstad var tilbake til kampen mot Bergsøy, men skal vere usikker mot Godøy. Samstundes er Torgeir Skeide tilbake etter karantene, og Martinus Røyset Bakken tilbake frå sjøen, men Hareid må klare seg utan Nikolay Sundgot.